1 minutt lesetid

Talde kurdarane si sak

- Det er ikkje utenkeleg at våpna som har kravd så mange kurdarar sine liv, er norske, sa Erik Hulleberg da han appellerte mot Tyrkia sin invasjon av kurdiske område i Syria. 
Erik Hulleberg, internasjonal leiar i AUF i Innlandet. Foto: Andam Aso Aziz

Hulleberg er internasjonal leiar i AUF i Innlandet og hadde fått i oppdrag å representere AUF på demonstrasjonen utanfor den irakiske ambassaden i Oslo. Bakgrunnen for demonstrasjonen var at tyrkiske bombefly gjekk til angrep på fleire område i Nord-Irak, og råka flyktningleiren i Makhmur og byen Sinjar, der fleire frå den religiøse Yazidi-minoriteten er busett. 

– Korkje USA, som kontrollerer luftrommet, eller Irak si regjering har gjort noko for å stoppe Tyrkia sitt angrep på kurdarane. Dette bryt med dei grunnleggjande menneskerettane, og Tyrkia må stillast til ansvar, sa Hulleberg. 

Fanga i skotlinja

Både kurdarane og yazidiane har fått kjenne borgarkrigen i Syria og krigen mot ISIL på kroppen, men konflikten blei trappa opp når det tyrkiske militæret gjekk inn i kurdiske område i Syria for å skape ei buffersone. Borgarkrigen har gjort at det i realiteten er kurdarane som sit på på makta i denne delen av Syria, i tillegg til at dei har hatt eit sjølvstyrt område i Nord-Irak i fleire år. 

Kurdarane reknast for å vere den største etniske gruppa i verda utan ein eigen nasjonalstat, og er i hovudsak busett i områda mellom Aust-Tyrkia og Vest-Iran. Dei skil seg frå dei arabiske og tyrkiske naboane sine ved at kurdisk er eit indoeuropeisk språk, i same gruppe som persisk og pashto, og fjernt i slekt med norsk. 

 

I front mot IS

Hulleberg peika på at kurdarane hadde stått i front mot IS, men at takken frå verdssamfunnet ikkje har vore mykje å skryte av. 

– Tyrkia er vår NATO-allierte, og vi har eksportert våpen til dei over fleire år. Dei tidlegare angrepa mot kurdarane i Nord-Syria, eller hat Erdogan gjorde Tyrkia og til eit diktatur stoppa ikkje våpeneksporten, sa Hulleberg. 

Han var heller ikkje imponert over korleis Noreg har reagert på situasjonen:

– Vi nordmenn liker å kalle Noreg for ein fredsnasjon, og på mange måtar stemmer den beskrivinga. Men Noreg var ikkje tidleg ute med å fordømme den tyrkiske invasjonen, heller ikkje tidleg ute med å få stansa nye lisenser for krigsmateriell til Tyrkia. Arbeidarpartiet måtte tvinge dett gjennom. Og tillegg så var våre sosialdemokratiske naboar Sverige og Danmark tidlagere ute enn oss. Regjeringa sende ingen tydlege signal om at Noreg fordømmer Tyrkias invasjon, ikkje før andre land gjekk i bresjen og viste veg. 

Tekst

Vemund Viken

Les også...

Laster artikler

Denne siden bruker cookies for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer i vår Personvernerklæring