Norge bør lære av Storbritannia!

Oslo-politiet etterforskar ikkje lønnstjuveri under 75 000 kroner, men du kan bli anmeldt for å ta ein sjokolade frå arbeidsplassen. Samstundes ropar høgresida om at det er viktig med mindre kontroll og regulering. Urettferda lenge leve. Etter mange år med konservativt vanstyre i Storbritannia, byrjar dei å gå i motsett retning, og her kan vi i Norge la oss inspirere.
Arbeidarrørsla har alltid vore tufta på å flytte makt frå arbeidsgivar til arbeidstakar. No viser Labour i Storbritannia ein veg som kan inspirere arbeidarrørsla i Norge. Dei kjempar mot nulltimarskontraktar, betrar retten til sjukeløn og permisjon og etablerer eit nytt tilsynsorgan. Slike reformer byggjer oppunder arbeidarrørsla sine grunnleggjande verdiar om fridom, likskap og solidaritet. Vi i AUF meiner Norge bør følgje etter.
I år har sjukelønsordninga i Norge igjen blitt sett under press frå høgresida. NHO, Venstre og FrP pressar stadig på for at arbeidstakarar må betale meir for sin eigen sjukdom. I Storbritannia viser Labour ein ny, solidarisk veg. I staden for å fjerne rettar frå vanlege folk, føreslår dei å sikre sjukeløn frå første dag. Dette er ei rausare ordning enn vi har i Norge, og vi i AUF meiner at Norge heller bør sjå til Storbritannia då vanlege folk fortener full tryggleik frå dag éin i arbeidslivet.
Labour gjeninnfører Fair Work Agency, som skal kontrollere at lover og rettar blir haldne. I Norge har vi Arbeidstilsynet og A-krimsenteret, men under Erna Solberg opplevde vi ei kronisk underfinansiering som hindra desse organa i å gjere jobben sin godt nok. Vi har framleis utfordringar med utnytting av mellombelse kontraktar og manglande oppfølging av arbeidsmiljølova. Skal vi lukkast med å fjerne useriøse arbeidsgivarar, må vi investere i tilsyn og kontroll. Å la useriøse aktørar drive rovdrift på tilsette er mykje dyrare for samfunnet på lang sikt.
AUF blir inspirert når vårt søsterparti i Storbritannia satsar på ein offensiv arbeidslivspolitikk. Reformene Labour føreslår, byggjer oppunder våre grunnleggjande verdiar: fridom, likskap og solidaritet. Fridomen til å sikre sin eigen økonomi, uavhengig av sjukdom. Likskap ved å jamne ut maktforholdet mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Solidaritet med arbeidarklassa som i årevis har blitt trakka på av det konservative vanstyret i Storbritannia. Dette er ikkje berre viktig for den enkelte arbeidstakaren, men også for å skape eit samfunn der folk har tryggleik til å leve gode liv.
Arbeidarrørsla har alltid stått i kampen for eit rettferdig arbeidsliv, og no ser vi eit tydeleg døme på dette i Storbritannia, der Labour viser veg med sine ambisiøse reformer. Vi i AUF meiner det er på tide at Norge hentar inspirasjon og kjemper for å gjere arbeidslivet tryggare og rettferdigare for vanlege folk.