Fjern særordningane i oljenæringa!
Visste du at oljenæringa i dag har mange særordningar som bidreg til å forlenge oljealderen i Noreg? Som ikkje berre forseinkar overgangen til nullutsleppsamfunnet, men òg vil tappe fellesskapet for pengar på sikt? AUF ynskjer å gjere noko med dette, fordi me meiner tida er inne for å omstille Noreg til å verte eit nullutsleppsamfunn. Då treng me å vri næringslivet over mot det fornybare, skape mange fleire grøne arbeidsplassar og fjerne putene oljenæringa har fått sauma under armane.
Leiterefusjonsordninga er ei særordning som AUF ynskjer å fjerne for å gje til næringar som skapar grøne arbeidsplassar . Det er i praksis ein statleg garanti der selskap som leitar etter olje på norsk sokkel vil få refundert 78 % av kostnadane i samband med leiting, uansett om dei finn olje eller ikkje. Ordninga stimulerer oljeselskapa til å ta svært høg risiko på vegner av fellesskapen, og kjem til å gjere at oljeselskapa leitar etter olje mykje lenger enn det som er berekraftig når me skal over til nullutsleppsamfunnet.
Ei anna ordning som AUF vil ha vekk er den såkalla friinntekta som gjer at oljeselskapa får lågare skatt dersom dei investerer mykje. Det er ganske opplagt at denne særordninga bidreg til å drage oljealderen ut i tid og bremsar overgangen til det grøne arbeidslivet. I staden for å gje høge summar til oljeselskap som investerer mykje i fortida, burde me byrje å gje til dei som vågar å satse på grøn energi for framtida.
I praksis treng me ein grøn Robin Hood-politikk der me tek frå fortidas utsleppsnæringar og gjev til dei grøne framtidsnæringane.
Noreg brukar i dag alt for mykje av fellesskapen sine ressursar på å favorisere oljenæringa. No er det på tide at me kuttar særordningane til det svarte og gjev det til det grøne. I praksis treng me ein grøn Robin Hood-politikk der me tek frå fortidas utsleppsnæringar og gjev til dei grøne framtidsnæringane. Første steg er å kutte leiterefusjonsordninga og friinntekta til oljeselskapa!