Mannen, myta, legenden

NRK sin serie om Einar Gerhardsen er eit solid stykke arbeid, som kastar lys over landsfaderen sitt liv både på det politiske og personlege planet. Men kva er det som gjer at Gerhardsen har blitt så legendarisk?
Klassereise
Kanskje er det litt fordi han var eit levande eksempel på den klassereisa arbeiderrørsla jobba for. Han kom frå små kår og blei statsminister. Sjølv i dag hadde det vore imponerande, og den gongen var forskjellane i samfunnet enda større enn dei er i dag.
Men det som kanskje er den viktigaste grunnen, er at Gerhardsen leia landet gjennom ein periode der grunnmuren for dagens velferdsstat blei lagde. Landet måtte byggast opp etter krigen, og særlig i Finnmark måtte ein bygge opp alt på nytt. Der hadde tyskarane gjort ein grundig jobb med å legge landet aude når dei trakk seg tilbake.
Eit anna samfunn
Raudt-politikar Mímir Kristjansson skapte debatt når han ga ut ei heil bok om kva Gerhardsen ville gjort. Og det kan vi godt spørre om, men det er ikkje sikkert det ville gitt oss gode svar.
Noreg i 2019 er eit digitalisert, mangfaldig og likestilt samfunn. Ikkje noko av det kunne seiast om etterkrigstida. Det var langt fram til den store kvinnefrigjeringa på 70-talet. Innvandring var ikkje noko stort tema den gongen, men ser vi nordover var fornorskinga av dei samiske miljøa på sitt hardaste. Dei mest synlege endringane har vi på teknologifronten. Eit eksempel på det er at det var damplokomotiv i vanleg drift under heile Gerhardsens epoke.
Men forskjellane til tross kjem vi ikkje unna at den politikken Gerhardsen førte la grunnlaget for det velferdssamfunnet vi lever i. Det skal vi vere takksam for.