Knus rasismen!

NRKs avsløring om diskriminering i arbeidslivet er både nedslåande og provoserande. At søkjarar med utanlandsklingande namn systematisk vert forbigått, sjølv med like kvalifikasjonar som norske søkjarar, syner kor djupt dei strukturelle problema sit i samfunnet vårt. Denne typen forskjellsbehandling er ikkje berre urettferdig, men òg ein alvorleg sløsing med ressursar i eit land som ropar etter arbeidskraft.
AUF nektar å akseptere at det skal vere vanskelegare å få jobb på grunn av eit namn eller ein bakgrunn ein ikkje sjølv har valt. Arbeidsmarknaden skal handle om kompetanse og erfaring, ikkje fordommar og stereotypiar. Diskriminering rammar ikkje berre enkeltpersonar, men og familiar og samfunn. Når minoritetsfamiliar i tillegg opplever liknande utfordringar i bustadmarknaden, ser vi eit mønster av strukturelle hinder som ikkje kan halde fram.
Vi i AUF meiner tida for tomme løfter og små tiltak er over. Vi treng ein systematisk innsats for å bekjempe diskriminering der ho oppstår og der ho får konsekvensar. Eit viktig steg er å innføre anonyme jobbsøknader i både privat og offentleg sektor. Ved å fjerne namn, alder og annan personleg informasjon frå søknader, kan vi sikre at arbeidsgjevarar vurderer kvalifikasjonar framfor fordommar. Dette tiltaket har vist seg å fungere i andre land, og no er det på tide at Noreg følgjer etter.
Samtidig må det bli enklare for jobbsøkarar å forstå kvifor dei ikkje fekk jobben. Arbeidsgjevarar må påleggjast å gi skriftlege grunngjevingar for vala sine. Meir innsyn i tilsetjingsprosessar vil auke gjennomsiktigheit og tvinge arbeidsgjevarar til å vurdere søkjarar meir rettferdig. For dei som opplever diskriminering, må Diskrimineringsnemnda få større ressursar og mandat til å handtere saker raskt og effektivt. Gratis rettshjelp i diskrimineringssaker må og sikrast, slik at alle som kjenner seg urettferdig behandla, kan kjempe for rettane sine.
Dette handlar ikkje berre om rettferd, men og om økonomi og ressursar. Noreg har ikkje råd til å ignorere kompetansen til menneske med minoritetsbakgrunn. Arbeidsgjevarar må forstå at mangfald ikkje er ei byrde, men ein styrke. Vi treng insentiv for dei som rekrutterer breitt, og klare krav i offentlege anbod som premierer inkluderande arbeidsplassar.
Denne kampen handlar om meir enn enkeltsaker. Det handlar om kva slags samfunn vi vil vere. Noreg må vere eit land der alle har dei same moglegheitene, uavhengig av namn, bakgrunn eller religion. Diskriminering høyrer ikkje heime i eit demokratisk og likestilt samfunn. No er det på tide å handle. Vi må sikre at hardt arbeid og kvalifikasjonar er det som tel mest, for alle.