Feel the Bern – i opposisjon

Bernie Sanders er ein fascinerande figur. Den gamle senatoren har i det meste av karriera si vore noko av ein kuriositet, som ofte har ligge langt foran kollegaene sine. Men sjølv om eg beundrar det, meiner eg at rørsla hans ikkje er klar for presidentmakt enno. Dei vil ha godt av nokon år til i opposisjon.
Eit umogleg politisk landskap
Amerikanarane vel utøvande makt (presidenten) og lovgjevande makt (Senatet/Kongressen) i separate val, noko som gjer at presidenten fort kan ende i opposisjon til Senatet og Kongressen. Obama fekk til slutt både Senatet og Kongressen mot seg, medan Trump missa det republikanske fleirtalet i Kongressen i 2018.
Skulle Sanders bli president, så må han hanskast med eit republikansk senat som ikkje vil vite av politikken hans, og ein demokratisk kongress der mange av demokratane meiner Sanders går alt for langt. Heilt ærleg er eg redd for at han vil gå i same felle som SV gjorde i den raudgrøne regjeringa: Forsvinne i administrasjon og rase på meiningsmålingane.
Sjølv om eg gjerne skulle sett ein president Sanders, så trur eg at han og rørsla hans vil ha godt å bruke meir tid på bodskap og organisasjon, ikkje på å kave seg gjennom eit umogleg politisk landskap. Tida jobbar for dei, og dei har tid til å vekse seg enda sterkare. I Noreg trong både Ap og FrP fleire tiår før partia kom i regjering for første gong.
Gammal leiar, ung rørsle
Det betyr ikkje at dei to kampanjane hans har vore utan verdi. Sjølv om Sanders er gammal, så gror det godt bak han, med kongressrepresentant Alexandra Ocasio-Cortez i front. Å stå sterkt blant unge veljarar er eit usikkert grunnlag i ein presidentkampanje, sidan valdeltakinga blant unge amerikanarar kunne vore betre. Men for framtida sin del er det eit verdifullt utgangspunkt for å utvikle noko større.
Det er nettopp denne rørsla eg trur vil stå att som arven etter Sanders, og at ho i framtida kan danne basis for ein ny sosialdemokratisk presidentkandidat. Men ikkje i dette valet. No er det Biden sin tur.